Oppstartsinfo til elevar og føresette januar 2021
Hei og alt godt for året 2021!
Skipet opnar som vanleg i morgon kl. 16.00 og fyrste skuledag blir tysdag 5.januar.
Me gler oss til elevane kjem tilbake, samstundes som me, saman med alle andre, er urolege for smittesituasjonen slik han er nå. Me vil framleis svært gjerne ha alle på skulen og på same tid at alle skal kjenna seg på trygge.
Det kan skje mykje på kort tid, det har me sett før ,og defor vil me gje eit tilbod til elevar som har lang og tidkrevjande reiseveg og er avhengig av kollektiv transport; dei kan velje å få undervisning heime, via Teams, framover. Teams er eit godt alternativ i dei fleste fag, men me må erkjenna at praksistimar er best på skipet. Dei elevane som vel å ha utsett oppstart, ta kontakt med underteikna (93064798). Bakgrunnen for dette er at regjerninga har gitt påbod (pr. 02.01.21 )til høgskulane og universiteta om utsett fysisk oppstart til før 18.01. Me har ikkje slik lovheimel pr. nå, men likevel finn me det tenleg, for dei som ynskjer det og er langvegsfarande, å gje nokre dagars utsett skulestart for å unngå det verste reisetrykket.
Smittevernreglane får endå større plass i kvardagen hjå oss nå. Me legg opp til at alle vaksne skal bruke munnbind i relevante situasjonar, men me pålegg ikkje elevane det same; dei står fritt til å velja. På turen hit tilrår me sjølvsagt munnbind om dei reiser kollektivt. Me minner alle om avstand og handhygiene. Elles er det viktig å hugse på at me kan vera sjuke, sjølv om me har milde symptom, kanskje er smakssansen det ein merkar det på fyrst; ein god grunn til å eta litt sjokolade!? Alle har lov å vera heime om dei kjenner seg litt uvel.
Alle hugsar screeningtestane me hadde tidlegare; «har du vore i utlandet, i kontakt med nokon sjuke, vondt i hals/ hovud, feber, endring i smaks-og luktesans»? Tenk gjennom desse!!
Er du frisk, vil me svært gjerne at du kjem på skulen!
Geir Danielsen og Ingveig Vold