Frå mødreuro til dyktig sjømannskap

Frå mødreuro til dyktig sjømannskap

Det er 70 år sidan kvinneforeininga samla seg i ei stove i Stavanger  den 20. Januar , og  stifta " Sjøgutten's venn" Dei bar nemlig på ei uro, ei heilag uro. ​Logikken i at kvinner strata ei forening for sjømenn, kan vera litt vanskelig å få auga på. På den tida var det bare robåten kvinnene hadde adgang til. Det var knapt noka kvinne som heller tenkte seg sjømannslivet som sitt yrke.

Stiftarane hadde ikkje sterk tradisjon for å " avgje si stemme»  ved  anna enn politiske val , ja, dei kunne også stemma om dei  var medlemmer av Det Norske Misjonsselskap. Kvinnene var ikkje kjent for å kunne  røysta, men dei kunne handle.

Kvinner som puffa mennene sine til å handle ut frå deira eigen visjon kjente dei til frå mellom anna stiftinga av Norsk Luthersk Misjonssamband. Men den saka galdt misjonen, det å få evangeliet ut til unådde folkeslag, heidningane.
Skolebilde fra det første skoleskipet i 1952
141%20v%C3%A5r
Skolebilde fra 1991, "Sandnes" i bakgrunnen
108%20februar
2009-2010
2009 / 2010
Sjømann’ s vennen

Sjømann’ s vennen

Dei fleste kvinnene bak «Sjømann’ s vennen» , seinare ein del av Unge Sjømenns Kristne Forening (UKSF) var truleg med i både ei og fleire  misjonsforeiningar. Men dette med norske sjøgutter var noko anna. Det vil undra meg om dei ikkje tok opp til vurdering, om det var edelt nok å arbeida for sine eigne barn, for ikkje å seia det rett ut:, si eiga frykt og uro for sjømennene.

Den 24.januar 1947 hadde kvinnene også fått med seg mennene, og hadde utarbeid statuttar. Visjonen og målet var klart :Dei skulle arbeide for at opplæringa vart dreve på eit skoleskip.  Det kosta pengar, og ville ta tid, difor skulle dei gå i gang med yrkesopplæring på land. Det kunne også ta litt tid å få i stand, men strakstiltaka var klare:  Førebuing til UKSF skulle skje gjennom: 
a)  ved bibeltimer og foredrag av kristelig, moralsk og allmenn art som hjelpe til å gi de unge sjømenn et godt livsgrunnlag. 
b) ved opplysning om de spesiellle farer og fristelser som vil møte dem i deres yrke. 
c) ved foredrag og undervisning f.eks norsk, regning, engelsk, navigasjon og praktisk sjømannskap…"

I etterkrigstida var sjømannsyrket det som lokka dei unge. Dei kunne faktisk reisa ut som 15-åringar, og vera borte i opptil 4-5 år. Ja, dei kjente også dei som måtte seila ute under krigen, og kom heim som  nedslitte nervevrak og framande i eigen by og bygd.
Sjømann’ s vennen
En korrespondanse||klubb

En korrespondanse
klubb

Det var nok desse «forkomne» sjøfolka som førte til ein litt spesiell paragraf i skuledokumentet.§4:  «Foreningen vil ha en korrespondanseklubb som vil forsøke å holde forbindelsen vedlike mellom gutter som reiser ut, slik at de kan ha en tilknytning og holde vedlike et godt kameratskap i hjemlandet.» 
Ein slik  paragraf er truleg nokså eineståande. I dag ville det ha kvalifisert for å væra  eit bærekraftig tiltak. For sikkerheits skuld var det med ein paragraf  om kva som skulle skje i tilfelle nedlegging.

Visjonen var levedyktig. Dei søkte samarbeid og råd med Norges Rederiforbund i Oslo, som oppfordra dei til å ta vidare kontakt med dei store reiarane som Smedvig og Bergesen. Rederia synte velvilje, i dag er det fleire reiarar som har tatt økonomisk ansvar ved kjøp av ny båt. Ut frå sin kristne visjon vart Brannbåtene i Sykkylven kontakta, og første kurset,for gutter fra 14-17 år kom i gang på «Brand VI» hausten 1949, det var plass til 60 stk.
Den Gann som seglar i dag

Den Gann som seglar i dag

Den Gann som seglar i dag, hurtigruteskipet Narvik, er den sjette i rekka. Skolen er nå godkjent som 2 årig Vidaregåande , og har elever frå heile landet, for både jenter og gutar. Det er plass for 120 elevar, og kampen om elevplasser  er stor. Den 15.april i fjor, kom gladmeldinga: Skoleskipet Gann vart kåra til beste Vidaregåande skole i Rogaland etter  ei evalueringa som hadde pågått i over 8 år! Og nr 5 på landsbasis.

For å få midlar til eigenkapitalen, er Skoleskipet Gann cruiseskip i sommarmånadane, og dette året var turane fullbooka til jul.  I tillegg tilbyr dei kurs som er kravd av Sjøfartsdirektoratet.

Skoleskipet Gann har kjempa i stormar både på havet, i økonomien og i leiinga. 13500 ungdommar har fått utdanning som er verdsatt både i skips- og oljeindustrien. Mange av ungdommane møter vi att som kapteiner og maskinsjefer.
Den Gann som seglar i dag
Lausanne Global Council

Lausanne Global Council

Det er høgt verdsatt frå redarene at desse unge har levd i eit tett båtfellesskap i to år med nulltoleranse for alkohol. Ein far fortalte med stor innleving om gutten sin som hadde falt ut av ungdomsskolen og havna i belasta miljø. Så kom det eit tilbud om plass på Gann. I dag er sønnen fullt utdanna maskinist, som meir enn gjerne bruker ferien sin til gratis innsats på Skoleskipet. 

I haust kom også brevet frå Michael Oh, leiaren i Lausanne, som inviterte Skoleskipet til å væra med i leiinga for eit nystarta   Lausanne Global Council. Der leiarar frå Gann deltar som ressurs for og rådgivere om arbeidsplassen som global misjons strategi, teltmakere.  Noko dei går inn i med ære og audmjuk haldning.
Det har Han også gjort med skoleskipet Gann.

Det har Han også gjort med skoleskipet Gann.

Mødrene, som 20. januar 1947, samla seg i stova for å stifte «Sjøgutten's Venn» var i same ærend som mødrene som kom til Jesus med barna for at Han skulle røra ved dei.   Dei bar også på eit sterkt ynskje om å gje sine eigne eit Jesu møte i kvardagen. Dei møtte kritikk, men Jesus såg dei, tok barna inntil seg, slik mødrene ynskte. men Han gjorde også noko meir, Han føretok ei heilag handling, Han velsigna dei!

Det har Han også gjort med skoleskipet Gann.

Berit Helgøy Kloster
Det har Han også gjort med skoleskipet Gann.